Tiltaksområde 1 vart ferdigstilt 31. mai 2024. Tiltaksområde 3 er under utføring og er forventa å verte ferdigstilt 27. september 2024.
Deretter skal Vestland fylkeskommune i gang med arbeid på siste tiltaksområde, område 2. Planlagt oppstart er 1. oktober 2024, og vil vere ferdigstilt i slutten av april 2025. Me gjer dykk merksam på at tidspunktet for ferdigstilling av prosjektet/arbeidet er avhengig av når tele er vekk slik at ein kan koma i gang med attståande arbeid. Det same gjeld avslutning av arbeid før vinter 2024.
Me skal likevel syte for at masseutskifta område skal ha fått freseasfalt og etablert sikringar ved avslutning før vinter, slik at vegen er open for ferdsel gjennom vinteren.
Vedlagt er kartskisse som syner dei aktuelle tiltaksområda og omtrentlege lengder.
Vegen er smal og ligg i sidebratt terreng, og skal difor stengast under arbeidet. Alle bebuarane i/ved tiltaksområde skal likevel ha tilkomst til sine eigedommar. Førebels stengeperiodar er som følgjer:
- 2024: Frå og med veke 40 til og med veke 50
- 2025: Frå og med veke 14 til og med veke 18
Arbeid vil føra til at tiltaksområdet vert stengt for gjennomkøyring i ovannemnde stengeperiodar, men det er mogleg med omkøyring for biltrafikk via fv.55 i nordaust. Oppdatert info finn du på 175.no.