Programmet er eit tilbod til innvandrarar med høgare utdanning, master, bachelor eller fagbrev, som ønskjer jobb i tråd med kvalifikasjonar og ambisjonar. Programmet går over eitt år og har til saman 8 fagsamlingar, fire samlingar per halvår. I tillegg kjem mentorsamtalar ein gang per månad.

Som mentor gir ein støtte, hjelp og rettleiing til ein deltakar i programmet. Ein kan også bidra til større mangfald og kompetanse i arbeids- og næringslivet i Sogn. Å vera mentor kan i tillegg bidra til eigen utvikling.

Ønskjer du å vera deltakar eller mentor i Sogn Opportunity? Ta kontakt med arbeidslivsrettleiar Eirin Kormeset i Sogn for alle, tlf. 924 44 702 eller e-post eirin.kormeset@sogndal.kommune.no

Plakat mentee Sogn opportunity

 

Plakat mentor Sogn opportunity