Slik digitalisering har fleire store fordeler. Det blir lettare for arkivtenesta og sakshandsamarane å finna dokumenta, og me er ikkje avhengig av å venta på saksmappa om den er i bruk av andre. Digitale dokument er det fleire som kan bruka på same tid, og det er lettare å dela informasjonen med andre. Og ikkje minst er det eit stort løft for publikum som no kan søka og få tilgang til dokumenta direkte.
Søk i byggesaker og landbrukssaker for perioden 1964 - 2015
Endeleg kan me presentera dei historiske arkiva me har digitalisert! I løpet av 2021 har arkivet vore til Danmark for digitalisering. No kan du søka i alle offentlege dokument for perioden 1964 til 2015 i byggesaker og landbrukssaker knytt til ein eigedom.