Luster Austre Fjellstyre ved Inger Moe tek over kontrollen av felte smårovvilt frå 01.09.2024. Kontrollen vert utført på skytebana i Gaupne. Luster Austre Fjellstyre vil ha kontroll på fylgjande dagar i månaden.
- Kvar tysdag i partalsveke mellom 18.00-19.00 (Første kontroll vert tysdag 17.september)
- Det vert ikkje kontroll i mai-juli
Premien for 2024-2025 er fylgjande:
- Raudrev: Kr 600,-
- Mink: Kr 70,-
- Mår: Kr 200,-
- Kråke: Kr 50,-
- Ravn: Kr 100,-
Luster kommune vil utføre utbetaling av tilskotet månadleg.
Fylgjande skal takast med til kontroll:
- Kråke og ravn klippe av begge føtn for kontroll
- Rev, mink, mår alle labbane
Kontaktinformasjon til Luster Austre Fjellstyre v/Inger Moe er:
Tlf: 917 13 559
E-post: fjellstyret@lusteraustre.no