Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skatteetaten overtek skatteoppkrevjaroppgåvene frå 1. november

Publisert

Frå 1. november 2020 blir skatteoppkrevjaren ein del av Skatteetaten.

Skatteetaten vil med dette få alt ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar i kommunen og alle spørsmål om skatt må rettast til Skatteetaten.

Oppgåvene som blir overført til Skatteetaten i november er innbetaling av restskatt, utbetaling av skattepenger til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytta til skattekrav og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Meir informasjon vil bli lagt ut på skatteetaten.no.

Bilde

se_logo_norsk_sort1200x630