Kommunestyret gav støtte frå næringsfondet til 2 nye driftsbygningar på Veitastrond, dei godkjende reguleringsplanar mellom anna for mikrohuslandsby på Skjolden og hadde fleire andre saker du finn i kommune-tv.
I siste del av møtet, under sak 72 var det fleire som takka for samarbeidet i fireårsperioden, mimra tilbake og hadde mykje godt å sei om det å vere folkevald i Luster. Det nye kommunestyret skal møtast for fyrste gong den 19. oktober.