Luster kommune har eiga lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar
Dette har du lov til:
- Kaffibål, pølsebål og bål på utepeisar. I tidsrommet 15.04 - 15.09 må du ha løyve frå brannvesenet (tlf 48 29 69 29) for å laga bål i utmarka.
- Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanom tettbygde strok (sjå kart).
- Jonsokbål utanfor tettbygde strok (sjå kart).
- Ranke- og flatebrenning i skogbruket utanfor tettbygde strok.
- Halm- og kvistbrenning i jordbruket utanfor tettbygde strok.
- Brenning av rivingsmaterialar og anna etter søknad, sjå søknadsskjema. Det vert ikkje gjeve dispensasjon til brenning av måla eller impregnerte materialar.
Dette har du ikkje lov til:
- Det er forbode å gjere opp eld i skog og utmark i heile landet mellom 15.04. og 15.09, jf forskrift om brannførebygging Det er likevel tillate å gjera opp eld der det openbert ikkje kan medføra brann. Sogn Brann og Redning kan gje dispensasjon.
- I områda som er definerte som tettbygde (sjå kart) er all brenning forbode med unntak av ved i vedomn (og avfallsvirke i vedomn dersom det ikkje er måla eller impregnert).
- Det vert aldri gjeve løyve til å brenna møblar og inventar, hushaldsavfall, plast og det meste anna avfall. Reint trevirke er det einaste materialet kommunen kan gjera unntak for.