Søknadsfrist blir kunngjort for kvart år, til vanleg rundt 1. april. Vegar som er godkjende for tilskot treng ikkje søkja på nytt kvart år. Endringar i tal interessentar/veglengd skal straks meldast kommunen.
- Vegar over 300 m har rett til tilskot. For alle vegar skal det trekkast frå 100 m pr. interessent før tilskotssummen vert utrekna.
- Tilskot vert gitt etter søknad der det skal gå fram lengde på vegen og talet interessentar *). Mottakaren av tilskotet forpliktar seg til å gje kommunen melding om endringar i desse opplysningane.
- Tilskotet vert utbetalt ein gong for året etter dei til kvar tid gjeldande satsar til kontaktperson for vegen.
- For områda: Veitastrond, Ytre og Indre Hafslo, Mollandsmarki, Leirdalen, Vigdalen, Jostedalen, Kolstadvegen, Rebnivegen, Svensøy-Granfasta, vegen til Åsen og vegen til Berge vert det gitt 25 % tillegg på gjeldande grunnsats.
- For vegar med ein gjennomsnittleg stigning større enn 1:10 vert det gitt eit tillegg på 10 % til grunnsatsen. For vegar med gjennomsnittleg stigning større enn 1:8 vert det gitt eit tillegg på 25 %.
- På vegar med spesielt stor trafikk kan det gjerast vedtak om særlege satsar. Bruken må då vera knytt til ålmenne interesser.
- Rådmannen fastset grunnsatsen innanfor vedtekne budsjett.
- Tilskot mindre enn kr. 1.500,- vert ikkje utbetalt.
- Tilskotet vert tilvist frå budsjettpost 1.765.341.
*) Som interessent vert rekna kvar eigedom (gbnr.) med heilårsbustad.