Områdekoordinatoranes oppgåver er å sørge for:

  • å ha kontroll på kor mange ryddeaksjonar og deltakarar det er i sitt område
  • å ha kontakt med sikkerheitssentralen på aksjonsdagen
  • å koordinere avfallshenting med avfallstransportørane etter ryddelaga har rydda

Aksjonsleiarane sine oppgåver er å sørge for :

  • å registrere ryddeaksjon og mengde avfall rydda på www.ryddenorge.no for sitt ryddelag
  • å finne ein passande stad å rydde for sitt ryddelag
  • å hente gratis ryddeutstyr til sitt ryddelag
  • å transportere ryddelaget sitt til og frå valt ryddestad
  • å gi beskjed til områdekoordinator om kor mykje avfall som er plukka og skal hentast på avtalt stad

Dei frivillige ryddarane sine oppgåver er å sørge for:

  • å møte opp til rett tid og stad
  • å kle seg etter vêret
  • ha med seg nok mat og drikke til ryddeaksjonen ein skal delta på

Posar og hanskar vil de finne på kommunehuset i Gaupne.

Meir info finn de på Framtidshavet.no, eller her:
Omårdekoordinator: https://static1.squarespace.com/static/6551df5303812d7a71c4fa8d/t/667446b779805e5ba8a53bc9/1718896311817/Rollebeskrivelse+Omra%CC%8Adekoordinator.pdf 
Aksjonsleiar: https://static1.squarespace.com/static/6551df5303812d7a71c4fa8d/t/667446e458560b6fe3495295/1718896356744/Rollebeskrivelse+Aksjonsleder.pdf
Frivillig ryddar: https://static1.squarespace.com/static/6551df5303812d7a71c4fa8d/t/6674470da343543a1d1117f2/1718896397473/Rollebeskrivelse+Frivillig+rydder.pdf 

Kontaktinfo prosjektleiar Rein Sognefjord i Framtidshavet: christine@framtidshavet.no

Eventuelt kan de kontakte miljørådgjevar i Luster kommune Jan-Kristoffer Landro på tlf: 469 26 255, 
eller på e-post: jan-kristoffer.landro@luster.kommune.no.