Eit offentleg toalett i Gaupne sentrum har vore eit sakn. Luster kommune har no gjort avtale med Pyramiden om å nytte eit areal i bygget til føremålet. Toalettet er plassert i hjørna der Posten held til, og vil få tilgang berre utanfrå. I løpet av hausten vil tilkomsten utvendig bli tilrettelagt for alle brukarar. Toalettet er klart for bruk.