Det er utarbeidd forslag til følgjande forskrifter:

  • Forskrift om skulereglar og skuledemokrati i Luster kommune
  • Forskrift om permisjon i dei  kommunale grunnskulane i Luster
  • Forskrift om hovudmål på dei kommunale grunnskulane i Luster

Forskrift om skulereglar og skuledemokrati i grunnskulane

  • Rådmannen føresler at gjeldande reglar om orden og åtferd i stor grad vert vidareførte i ny forskrift om skulereglar og skuledemokrati.
  • I tillegg føresler me at at det vert teke inn ein ny regel om organiseringa av skuledemokrati då det er krav om forskriftsfesting av dette i ny opplæringslov  
  • Rådmannen oppmodar særleg samarbeidsutvala ved skulane og fagforeiningane om å gje innspel.  

Noverande ordens- og åtferdsreglar for grunnskulane i Luster

Les meir og gje innspel til ny forskrift om skulereglar og skuledemokrati

Forskrift om permisjon i grunnskulen i Luster

Luster kommune har i dag ikkje eige reglement eller forskriftfesta praksis for permisjon frå den pliktig grunnskuleopplæringa, men følgjer retningslinjene som følgjer av lovverket. I ny opplæringslov står det at kommunen må vedta eiga forskrift om permisjon i grunnskulen.   

  • Rådmannen føresler at maksimalgrensa for permisjon i noverande opplæringslov – to veker (10 skuledagar) i løpet av eit skuleår – vert vidareført i kommunal forskrift.
  • Forslaget til forskrift gjev føringar for kva som skal vurderast når det vert søkt om permisjon (fri) frå skulen og kven som har mynde til å innvilga permisjon (fri).
  • Permisjon kan kun innvilgast dersom skulen meiner permisjon er forsvarleg. Dette er eit krav i opplæringslova. 
  • Eit føremål med forskrifta er å redusera skulefråvær slik at elevane lærer mest mogleg.
  • Rådmannen meiner forslaget opnar for noko fleksibilitet i handsaminga av søknadar om permisjon.

Rådmannen oppmodar særleg samarbeidsutvala ved skulane og fagforeiningane om å gje innspel.  

Les meir og gje innspel til ny forskrift om permisjon

Forskrift om hovudmål på grunnskulane i Luster

  • Luster kommune har plikt til å vedta forskrift om hovudmål på den einskilde skule.
  • Hovudmål er det språket som skal brukast av elevar og tilsette i den skriftlege delen av opplæringa (skriftleg informasjon frå lærar, lærebøker og andre læremiddel, oppgåver, i den skriftlege kommunikasjon med føresette osb.).
  • Grunnskulane i Luster har hatt nynorsk som hovudmål i over 100 år. Rådmannen føresler at nynorsk som hovudmål vert vidareført for alle grunnskulane.

Les meir og gje innspel til ny forskrift om hovudmål på grunnskulane