I 2022 har postlista vår fått ny drakt og betre søkefunksjon. For fagområda byggesak, plan og landbruk vil du få direkte tilgang til dokumenta. Me har valt ut desse områda i fyrste omgang fordi me ser at det er her det er størst etterspurnad etter innsyn.
Me håpar dette blir godt motteke og vil vera til god hjelp for media og innbyggjarane våre. På dei andre fagområda vil ikkje dokumenta ligga i fulltekst, men du får informasjon om kva det gjeld og kan be om innsyn slik som før. Postlista vil også vera tilgjengeleg lengre enn tidlegare.
Du finn både gamal og ny postliste her.