Fyrste del av møtet er oppummering etter høyringsrunden på kommuneplanen sin arealdel (KPA) (notat ligg i sak 11/25).

Tilsetjing av kommunedirektør:

Tilsetjingsutvalet (ordførar Andreas Wollnick Wiese, varaordførar Geir Arve Sandvik, gruppeleiar for AP Gunn Beate Thorsnes Lefdal og hovudtillitsvald Grete Ulviksbakken) skal legge fram si tilråding til formannskapet. 

Busetjing av flyktningar

Rådmannen tilrår at kommunen buset 35 flyktningar i 2025, pluss eventuelle familiesameiningar. Om det er auka behov, kan kommunen busetje inntil 50 flyktningar. Kommunen har ikkje kapasitet og kompetanse til å busetje einslege mindreårige.

Breibandutbygging Ornes- Feigum

Rådmannen tilrår at det blir inngått avtale med Sognenett AS om fiberutbygging frå Ornes til Feigum, med kommunal medfinansiering på kr. 2 975 000.
 

I alle desse tre sakene gjev formannskapet tilråding til kommunestyret. Kommunestyret gjer vedtak i møte den 29. januar.

Fullstendig sakliste og saksdokument til formannskapet 23. januar.

Offentleg møte blir vist på kommune-tv.