Sidan dei som leiger bustad ikkje nyt godt av pausen i den kommunale eigedomsskatten, vert ordninga målretta mot dei som leiger bustad - både kommunal og privat.
Vilkåret for å få stønaden er at du i gjeldande tidsrom leiger bustad i Luster kommune. Det må leggast fram dokumentasjon i form av leigekontrakt.
Leigetakarar i kommunale gjennomgangsbustader og omsorgsbustader blir automatisk tildelt stønaden og treng ikkje søkje.
De som leiger privat bustad må søke. Søknadsskjema finn de her.
Ordninga gjeld frå januar og og forlenga til ut året 2022. Tilskotet er på kr 500,- per månad (det vil bli ny vurdering av tilskotssats for sommarmånadene).