Det blei ei flott markering av verdsdagen for psykisk helse den 5. oktober. Først var det samling med alle elevane frå begge ungdomsskulane på Hafslo barne- og ungdomsskule. Deretter møtte 110 opp på Gaupnetunet for å høyre føredrag med Yngvar Andersen.
Yngvar fortalte om kor viktig fysisk aktivitet er for ei god psykisk helse. Fleire gode tips vanka til både vaksne og ungdommar, både med pusteteknikk for å roe ned (yogapust) og korte fysiske øvingar. Fokus var små endringar og korleis komme i gang.
Yngvar lærer elevane å roe ned ved hjelp av yogapust.