I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.:

Kandidaten som i år får kulturprisen til Luster kommune nyt stor respekt for kunnskapen han sit inne med, og som han gladeleg delar med andre. Han er framleis engasjert i kulturhistorisk arbeid, så vel i bygda som i heile kommunen. Det er i seg sjølv utfordrande å prøva å gje ei opplisting av aktivitetar og oppdrag kandidaten har vore bort i utan å oversjå vesentlege område.

Me vågar oss likevel til å nemna noko av det kandidaten har gjort, eller vore ein pådrivar til å få til….

Kommunen er i ferd med å fullføra eit imponerande verk av «Gards- og ættesoge» for Luster kommune, der mange har gjort mykje godt arbeid. Kandidaten har vore sentral i det lokale arbeidet med innsamling av detaljopplysningar og breiddekunnskap om slekter og slektsforhold. Dette er tidkrevjande arbeid, og ein må ha både tolmod og spesielle interesser for å gjera ein fullgod jobb. Kandidaten har, med sitt tidlegare innsamla materiale, dokumentert fakta omkring gamle hus i grender og bygdelag. Kandidaten fekk mellom anna som spesialoppgåve, å finna opplysningar om alle prestane i Hafslo prestegjeld, noko som også er teke med i «Gards- og ættesoge».

Men for å få tak på desse opplysningane, måtte han reise ein god del rundt om i landet. Mange telefonar og reiser har det vorte, men aldri har det kome krav på dekning av utgifter.

Sommaren 2003 var det 125-årsjubileum for kyrkja på Hafslo. Kandidaten samla då tilgjengeleg historisk materiale, om riving av den gamle stavkyrkja og bygging av den nye kyrkja som me har ¡ dag. Det vart samla dokumentasjonar som bilete og opplysningar om alle prestane, klokkarane og kyrkjetenarane i denne bolken. Kandidaten laga og eit eige hefte som og i dag vert nytta som informasjon om kyrkja, og brukt ved «open kyrkje» om søndagane i sommarhalvåret.

Kandidaten har og ei stor Interesse for, og kunnskap om utvandrarhistoria. Såleis deltok han under utvandrarjubileet i 1994, der han stilte opp i høveleg historisk antrekk, og fylgde då «Statsråd Lemkuhl» til Bergen. Kandidaten hadde også laga eit eige program med framsyning av gamle bilete og ei orientering om desse.  Av dei mange som utvandra til Amerika, er det mange av etterkommarane som kjem «heim», og søker etter slekta si. Desse tek kontakt og får assistanse frå ein som er dyktig i bruk av dataverktøy inn mot kyrkjebøker og liknande hjelpemiddel.

Song og musikk er eit anna område kandidaten er dyktig på. Me veit han har ei god songrøyst og spelar fleire instrument. Mellom anna har han vore organist på Svalbard. Han vart og i mange år, nytta som kyrkjesongar spesielt ved gravferd.

Det må og nemnast at kandidaten er ein habil målar, noko som kan dokumenterast med fleire måleri av han, ikkje minst noko som måleriet av bestefaren er eit godt døme på.

Kandidaten har vore sentral i etableringa og oppbygginga av husmannsplassen «Fluga». Han stiller opp på arrangement  på denne kjende husmannsplassen, der me kan dra nytte av hans breie, historiske kunnskap.

Kandidaten har med bakgrunn i det engasjementet som er nemnt  hatt mange turar til Statsarkivet i Bergen. Han har arbeidd spesielt med Skiftearkivet i Bergen, for å få fram opplysningar ved sal av gardar, og eigartilhøve ved skifte. Dette har vore viktige opplysningar han nytta i arbeidet med «Gards og ættesoge». For å gå inn i desse arkiva, måtte han læra seg å lesa gotisk skrift. Dette krev både interesse, tolmod, forståing og kopling av samanhengar.

Kandidaten har gjennom fleire tiår, eit arkivmateriale av stor historisk verdi. Dette gjeld m a intervju av eldre folk som fortel levande om situasjonar som i dag er historie. Det er og eit omfattande bildearkiv.

Vedkomande har vore, og er, sølv ein aktiv fotograf ved tilstellingar, arrangement og spesielle hendingar. I tillegg har han brukt mykje ressursar på «avfotografering» av gamle bilete og fotoalbummar. Kandidaten ligg langt framme i bruk av data som hjelpemidel, og var tidleg ute i å ta i bruk data som hjelpemiddel i sitt kulturhistoriske arbeid med innsamling og registrering av historisk materiale. Såleis er mykje av bildearkivet hans digitalisert. Han held seg oppdatert på dataområdet og med utvikling av dataprogram og maskinvare.

Til intervju, opptak m m, nyttar han utstyr han sjølv har finansiert. I tillegg til investeringar i datautstyr, har han og investert i kostbart fotoutstyr.

Kandidaten evnar og å sjå framover, og er oppteken av at  arkivet kjem etterslekta til gode. Han innser at korkje han eller nokon av hans nærmaste kan vidareføre arkivet. Dette er noko for ålmenta, og er av historisk verdi for framtida.

Arkivet hans var med på å utvikle ideen om å få i stand eit lokalhistorisk arkiv. Der kunne ein samle og lagre denne samlinga, og andre sine som og er av kulturhistorisk interesse, på ein forsvarleg måte med omsyn til branntryggleik, temperatur, fuktigheit, lys m.m.

Som nemnt innleiingsvis, er det uråd med ei fullstendig og rettferdig opplisting av heile det kulturhistoriske arbeidet som er lagt ned gjennom ein  mannsalder. Det er først når du går inn i det historiske arkivet  at du forstår omfanget av arbeidet som er utført over lengre tid. At kandidaten i tillegg er ein person som har vore mykje nytta i ulikt anna kulturelt arbeid og i samband med arrangement gjennom fleire 10-år, gjer vedkomande til ein vel kvalifisert kulturpris-kandidat.

Kulturprisen skal altså ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Og det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen til Kåre Alme.

Det synlege beviset på kulturprisen er eit diplom, og ein gåvesjekk på 20.000 kroner.

Kulturprisen 2017 - Kåre Alme