Brosjyre i posten

I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser, og du får konkrete råd om kva du kan gjere. Ta vare på brosjyren.
Brosjyre på fleire språk kan du få på rådhuset og er tilgjengeleg digitalt her
 

Sjekkliste for eigenberedskap 
Her finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Gå gjennom behova dine, og sjå på kva løysingar som er moglege der du bur. Hugs at familie, vennar og naboar kan samarbeide om eigenberedskap. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom. 

  • Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.    
  • Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur.   
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøken.   
  • Varme klede, pledd, dyner og soveposar.   
  • Fyrstikker og stearinlys.    
  • Ved, dersom du har vedomn eller peis.   
  • Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.   
  • Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.  
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.    
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.   
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).    
  • Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.   
  • Batteri og fullada batteribank.   
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.   
  • Mat og vatn til kjæledyr.  
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar.