Dette kurset er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem, ein ven eller kjenning med demenssjukdom. Minnesvikt og endra væremåte er vanlege symptom ved demens-sjukdom. Gjennom førelesing, plenum- og gruppesamtalar får du kunnskap om og innsikt i demenssjukdom, og kva fyljer sjukdommen kan ha for personen med demens og for deg som pårørande. Du treff også andre i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
For nærare opplysningar og påmelding, kontakt demensteamet:
Luster:
Kari Ødegård Tlf: 57 68 56 21 e-post: kari.odegard@luster.kommune.no