Kommunane skal bruke scenarioa i arbeidet med å lage ein strategi for bustad, arbeid, klima og transport. Her ligg både store utfordringar og store moglegheiter. Me håpar også innbyggjarane let seg inspirere til samtalar om samfunnsutvikling i lys av klimautfordringa. Korleis kan me legge til rette for positiv utvikling i kommunane og samstundes ta omsyn til klimautfordringa? Les og bli engasjert på lusterogsogndal2040.no
Korleis blir framtida?
Sogndal kommune og Luster kommune har utvikla fire klimascenario for 2040. Scenarioa er laga for å diskutere konsekvensar av klimaendringar og klimapolitikk i ein lokal kontekst, på ein handgripeleg måte.