Første møte blir på Veitastrond skule allerede torsdag 19. januar. Her finn du oppdatert informasjon om dato for møte i di bygd  

Kommuneplanen sin arealdel – kunngjering om oppstart av planarbeid

Luster kommune skal starta arbeidet med revisjon av arealdelen til kommuneplanen, i tråd med kommunal planstrategi 2020 – 2023. Frist for innspel er 24. mars 2023.

Kommuneplanen sin arealdel skal angi hovudtrekka i arealdisponeringa og gje rammar og vilkår for nye tiltak som skal setjast i verk. Planen kan til dømes styre kor det skal byggast nye bustader, fritidsbustader eller næringsetableringar, kor tett og høgt det skal byggast i dei ulike områda, og kva område som skal utviklast først. Arealdelen skal bygge på samfunnsdelen til kommuneplanen og overføre overordna mål og strategiar til den fysiske utviklinga i kommunen.

Planen vil bestå av ein planomtale med føresegner og retningslinjer, eit plankart med arealbruksavgrensingar og ei forenkla konsekvensanalyse for aktuelle område. Arealbruksavgrensingar og føresegner er juridisk bindande jf. plan- og bygningslova.

Som eit ledd i planprosessen er det utarbeidd forslag til planprogram som skal leggja til rette for ein god planprosess og skapa gode rammer for arbeidet. Planprogrammet syner mellom anna:

  • Føremålet med planarbeidet
  • Planprosessen – deltakarar, fristar opplegg for medverknad
  • Behov for utgreiingar

Planprogrammet finn du her


Har du innspel?

Me ynskjer å få til god involvering i tidleg fase av planarbeidet, og invitera derfor til å kome med innspel til arealdelen fram til 24. mars 2023. Etter dette skal planprogrammet vedtakast av kommunestyret, og me vil starte å utarbeide eit forslag til ny arealdel. For å sende innspel kan du nytte skjema som du finn på planen sin heimeside

Alternativt kan du sende det i post eller på kommunen sin epostadresse.

Me vil understreke at alle innspel som ved gjennomføring vil krevje endringar i plankartet må syne:

  • Kart med innteikning av forslag
  • Aktuelt gards- og bruksnummer
  • Skildring og grunngjeving for kva du ynskjer å oppnå med innspelet

Me vil invitere til bygdemøte og opne kontordagar i dei ulike bygdene i forkant av innspelsfristen, så det vil bli høve til å drøfte innspel med kommunen før du sende det inn. På nyåret vil me informere om stad og tidspunkt, og du kan følgje med på heimesida til arealdelen for å halde deg oppdatert. 

Saksdokumenta er tilgjengelege på denne linken