Dersom du meiner at eigedomsskattetaksten er feil har du høve til å klage på denne. Reglar om klage er fastsett i lov om eigedomsskatt § 19:

  • Skatteytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktetav den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart send i samsvar med § 14. Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

KLAGEN SKAL VERA SKRIFTLEG

Elektronisk skjema for klage

Eventuelt kan klage sendast i posten til: Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Hugs i så fall å merka tydeleg med gards- og bruksnummer og eventuelt  feste- eller seksjonsnummer. I tillegg må du hugsa å oppgje telefonnummer som du kan treffast på. Også eventuelle vedlegg må vera merka med gards- og bruksnummer.

Grunngjevinga for klagen må dokumenterast så godt som mogeleg. Dersom du klagar på faktafeil, bør det som utgangspunkt leggjast ved godkjende og målsette teikningar, takstrapport frå eigedomsmeklar, godkjend takstmann eller liknande.

Dersom du klagar på skjønnet som er gjort ved takseringa (til dømes indre eller ytre vurderingsfaktor), ber me deg om å konkretisera kva du klagar over og grunngje dette så godt du kan.

Det er ikkje klagerett på kommunestyret sine vedtak om eigedomsskatt  (innføring av eigedomsskatt, promillesats for eigedomsskatt, botnfrådrag m.m.).

SAKSHANDSAMING AV KLAGER

Alle klager som er sett fram innan klagefristen vert handsama av kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt. Handsaminga av innkomne klager vil ikkje starta før klagefristen er gått ut. Dersom klagen vert teken til følgje, vert taksten endra. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, går klagen automatisk vidare til sakkunig klagenemnd for eigedomsskatt. Klagenemnda kan prøva alle sider av taksten og kan endra taksten både til gunst og ugunst for klagaren.