Dei som treng hjelp til å ivareta sine eigne interesser, anten økonomisk eller på annan måte, kan få oppnemnt verje. Verja tek i vare interessene til personen og handlar på vegner av denne i samarbeid med den det gjeld. Vi har behov for verjer i heile fylket, men akkurat no spesielt i kommunane Årdal, Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Flora, Førde, Gloppen, Høyanger, Jølster, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Stryn og Vågsøy.


Kva krevst det av deg for at du kan bli oppnemnt som verje?

Du må vere eigna for det aktuelle oppdraget. Moment vi legg vekt på er til dømes om du er flink til å handtere utfordringar, har kjennskap til regelverk og offentlege instansar, er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må ha god vandel, og må legge fram politiattest. I tillegg vil Statsforvaltaren gjere ei kredittvurdering av dei som ønskjer å vere verje, og vi gjennomfører ei samtale med den som vil vere verje på telefon. Verjeoppdraga er ulike. Vi har difor behov for å komme i kontakt med personar med ulik bakgrunn, utdanning og erfaring.

Opplæring og oppfølging

Statsforvaltaren sørgjer for nødvendig innføring i oppdraget ut frå innhald og omfang, og skal sjå til at du utfører vervet på ein forsvarleg måte. Ved gjennomføring av vervet skal du rådføre deg med Statsforvaltaren når du har behov for det. Dette er særs viktig dersom du er i tvil og før du tek store avgjerder som betyr mykje for den som har verje. Slik unngår du å ta avgjerder som ikkje let seg gjennomføre eller kan medføre ansvar. Statsforvaltaren gir også rettleiing om kvar du bør vende deg, dersom det du lurer på ligg utanfor Statsforvaltaren sitt kompetanseområde.

Ta kontakt med Statsforvaltaren for nærare informasjon, dersom du ønskjer å bidra for andre ved å vere verje. Du kan også lese meir om ordninga her.