Alle grunneigarar i området markert på kart under vert invitert til eit informasjonsmøte om mogleg utbygging av høghastigheits breiband i området. 
Møtet vert i fjøsen på Feigum kulturstad; Feigesagi under Feigefossen torsdag 4. juli kl. 13.00. 

Luster kommune har søkt og fått innvilga tilskot frå fylkeskommunen til å byggje ut høghastigheits breiband til adresse som har mindre enn 100 mb/s i dag. Kommunen søkte på fire område:

  • Feigum – Ornes (Ornes er allereie utbygd, så det frå og med Feigum og til, men ikkje med, Ornes)
  • Skjolden – Sørheim 
  • Marifjøra – Vedvik
  • Galden – Oklevik/Kvam

Vi har kun fått innvilga tilskot til Feigum – Ornes, og desse utbyggingane er såpass kostbare at det kun er aktuelt å gjennomføre med statlege tilskotsmidlar fordelt av Vestland fylkeskommune. 

Sjølv med tilskot er det ein vesentleg kostnad som må dekkast av Luster kommune, dersom området skal byggast ut. Før dette vert tatt endeleg stilling til politisk, er det ønskjeleg å kartlegge oppslutnaden og interessa for prosjektet på Sørsida. At det er vesentleg interesse vil vere viktig for avgjersla.

Prosjektet er lyst ut på anbod av fylkeskommunen, slik at vi får kvalitetssikra kostnadar. Ein føresetnad som er teke i utlysninga er at det vil bli kravd 5000 kr i ekstra anleggsbidrag frå alle som knyter seg til anlegget. Dette vil ev. gje noko privat finansieringsbidrag i prosjektet. 

Ei oppsummering av søknadsarbeidet kan lesast i notat til formannskapet 12.06

Vi får tilskot med basis i fastbuande og etablerte verksemder, men det vil bli opna opp for at eigarar av hus/fritidsbustadar/hytter utan fastbuande langs utbygginga også kan melde si interesse. 

Viss du eig ein eigedom i området, men ikkje har moglegheit til å vere med på møtet, kan du sende ein e-post til ole.gunnar.krakhellen@luster.kommune.no for å melde di interesse.