Meir informasjon og påmelding: Sjå Driftig.no kalenderen

I løpet av 9 nettbaserte samlingar får du hjelp og rettleiing til å svara på spørsmål som:

  • Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?
  • Korleis kjem eg i gang? Og kvar bør eg starta?
  • Kven kan hjelpa meg – korleis?  Og kva må eg sjølv gjera?

Entreprenørskap handlar om å oppdaga og undersøka moglegheiter til å skapa varer og tenester. I løpet av programmet blir du introdusert til:

  • ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt
  • ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo
  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din

Det nettbaserte programmet går 9 nettbaserte samlingar på 90 minutt kvar. Mellom samlingane arbeidar du med å utvikla forretningsideen din og du vil òg få individuell oppfølging frå ein av våre rådgjevarar.

Kven passar dette for?

Programmet passar for deg som tenker på å starta ei bedrift eller har eit prosjekt som du ønskjer å vidareutvikla. Kurset er for deltakarar tilhøyrande Sogn og Fjordane som ønskjer å utvikla eigen kompetanse om entreprenørskap og få råd og rettleiing i samband med utvikling av eigen forretningsidé. Programmet er lagt opp slik at du kan arbeide frå heimekontor og likevel få samhandle med andre i same situasjon.

Direktelink til påmelding

Meir informasjon og påmelding: Facebook event