Skyss har invitert kommunane i Vestland fylke til å kome med innspel til justeringar i rutetilbodet for buss, båt og ferje.
Føremålet er å fange opp forbetringsbehov som grunnlag for å gjere naudsynte endringar og tilpasse tilbodet best mogleg innanfor dei rammene Skyss rår over. Dette betyr at det er lite handlingsrom for å etablere nye tilbod.
Luster kommune vil mellom anna følgje opp tidlegare innspel pendlarbuss mellom Gaupne og Sogndal. Luster kommune skal gje eit samla innspel til Skyss frå Luster kommune, og vi har frist på dette 31.01.23. Difor inviterer vi innbyggjarar, lag, organisasjonar og næringsdrivande til å kome med innspel til kommunen si uttale. Innspel kan sendast til post@luster.kommune.no innan 22.01.23.