Kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen:

- Den alvorlege hendinga fredag var naturleg nok oppskakande for Lustrasamfunnet og omverda. Politi og påtalemakt følgjer opp brotsverket i samsvar med lovverk, alvorsgrad av hendinga og alderen til dei involverte.

Barnevernstenesta vert automatisk påkopla i alvorlege saker som gjeld mindreårige barn. Slik er det også i denne saka. Barnevernsvakta vart mobilisert umiddelbart, og barnevernet har vore aktivert sidan som oppfølgande teneste.

Episoden som skjedde fredag vert vurdert som ei isolert hending. Vurderinga til politiet er at det er trygt å gå på skulen for alle. 

Ungdomsskulen, Oppvekst og helsetenesta - og då særleg skulehelsetenesta – har hatt eit tett samarbeid heilt sidan laurdag om oppfølginga vidare. Det overordna har vore å ta vare på alle elevane. Politiet som førebyggjande teneste er også kopla på. Vidare er psykisk helseteam informert og tilgjengelege.


Rektor Knut Hauge, Luster ungdomsskule:

-  Personalet på skulen samt skulehelseteneste, ungdomsarbeidarar og kommunalsjef hadde eige info- og planleggingsmøte måndag morgon i forkant av skulestart. Rektor saman helsesjukepleiar informerte om hendinga og elevane fekk tilbod om samtale med helsesjukepleiar eller andre tilsette på skulen. Seinare på dagen kom også politiet som førebyggjande teneste for å kunne snakka med elevar som hadde behov for det.

Det viktige dei komande dagane er å tryggja elevane i denne vanskelege situasjonen, og skulen legg til rette for samtalegrupper for 10. trinn og 9. trinn høvesvis torsdag og fredag.  

 

HELSETENESTA / SKULEHELSETENESTA

Kommunelege Ingunn Watsend Erichsen/leiande helsesjukepleiar Berit Skjerdal:

- Psykisk helseteam, kommunepsykolog, fastlegetenesta, legevakt og helsestasjon/skulehelsetenesta bidreg med støtte og hjelp til dei som treng det. Henvendingar i samband med denne saka blir prioritert og tenestene samarbeider tett. Ta kontakt dersom barn, unge eller føresette treng nokon å snakka med eller oppfølging. 

Telefonnummer til Luster helsesenter: 57 68 56 00.
Psykisk helseteam: 57 68 56 34

Helsesjukepleiar Luster ungdomsskule: Eli Ruud 48 08 77 60,
eller leiande helsesjukepleiar Berit Skjerdal 45 87 80 44
Telefonnummer til skulehelsetenesta ved dei andre skulane finn du her


BARNEVERNSTENESTA:

Vakttelefon dagtid: 975 06 095

Ved akutte hendingar utanom kontortid ringer du barnevernsvakta på telefon 400 22 988, eller du kan nytte «Alarmtelefon for barn og unge» telefon 116 111 (open heile døgnet


POLITIET

Politioverbetjent Stein Helge Selland:

- Barn og unge deler i aukande grad bilete og videoar av vald og andre uønska hendingar i sosiale medium. Det har også skjedd i denne saka. Deling av valdsvideoar er ikkje greitt av ulike årsakar, og det kan i verste fall gje ein smitteeffkeekt , det kan gje ein smitteeffekt eller forsterka konfliktar. Politiet har ei eiga nettside og undervisningsmateriell om dette, som også skulane kan nytta i det førebyggjande arbeidet.

Kontaktinfo til politiet: telefon 02800 eller e-post post.vest@politiet.no
I vekedagane mellom kl. 09. – 15 er det eige sentralbord som kan setja deg over til rette vedkommande.

 

UNGDOMSKLUBBEN

Denne veka har ungdomsklubben ope onsdag kl. 15 til 20 for 7.–10. trinn.

Neste veke er det ulike aktivitetar for barn og unge i Lustraskulen inkludert FriMoro:
https://www.luster.kommune.no/sommaraktivitetar.6531478-157426.html