Luster formannskap sitt vedtak i møte 7. februar 2024 i sak 17/24:
- Luster kommune reviderer lokale forskrifter for servering, sals og skjenkeløyve og retningslinjer for løyve til sal og skjenking av alkohol i Luster kommune etter at dei har vore lagt ut til høyring.
- Kommunestyret handsamer forskrifter, retningslinjer og sak om fornying av sals- og skjenkeløyve for perioden 2024 – 2028 i kommunestyret, våren 2024.
Invitasjon til å komme med synspunkt på:
- Forskrift om sals- og skjenketider for alkohol, Luster kommune, Sogn og Fjordane av 27. juli 2012
- Forskrift om åpningstider for serveringsstadar, Luster kommune, Sogn og Fjordane av 17. juli 1992
- Retningslinjer for løyve til sal og skjenking av alkohol i Luster» - innteke i Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2020 - 2024 for Luster kommune
Etter alkohollova § 1-6 kan kommunen innvilge sals- og skjenkeløyve i eigen kommune med ei lengde på inntil fire år. Kommunestyret skal ha høve til å setje sitt preg på løyvepolitikken og difor varer løyva maksimalt til 30. september året etter kommunevalet.
Kommunestyret har då høve til å påvirke korleis alkohol- og løyvepolitikken skal vera dei neste fire åra, gjennom endringar i lokal forskrift og retningslinjer.
Har du innspel?
Her kan du senda innspel, og lesa andre dokument og innspel i saka
Innspel kan også sendast pr. post til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no
Frist 27. mars 2024.