I analysane er det peikt på utfordringar med dagens struktur og plassering av tenester ved dei tre omsorgssentera Luster, Hafslo og Gaupne. Det er tilrådd at alle institusjonsplassar, inkludert skjerma demensavdelingar vert etablert i Gaupne, førebels vurdert til 20 korttidsplassar og 60 langtidsplassar. Omsorgsbustad-tilbod er tilrådd vidareført i Gaupne, Hafslo og Luster.
I denne fasen av prosjektet ynskjer administrasjonen primært å ta stilling til retningsvalet knytt til samlokalisering av institusjonsplassar, inkl. demensomsorg i Gaupne. Meir detaljerte vurderingar knytt til funksjonar og innhald i nytt helse og omsorgssenter, etterbruk og utvikling av eksisterande bygg og omsorgsbustad-kapasiteten i kommunen vil takast stilling til i seinare fase av prosjektet. Det er difor ynskjeleg at høyringsuttalene fokuserer på det overordna retningsvalet.
Spørsmål i høyringa
Følgande spørsmål ynskjer me særleg at høyringsinstansane tek stilling til.
- Støtter høyringsinstansane det overordna retningsvalet om samlokalisering av alle institusjonsplassar, inkludert demensomsorg i eit nytt helse- og omsorgssenter i Gaupne?
- Kva fordeler og ulemper ser høyringsinstansane ved ei slik samlokalisering?
- Kva omsyn bør ha særskilt fokus i den vidare utviklinga av nytt helse og omsorgssenter?
- Er det andre overordna omsyn knytt til utviklinga av helse- og omsorgstenestene i kommunen som bør takast i betraktning?
Arkivsak 24/3817 - Konseptrapport Helse og omsorg mot 2030 (onacos.no)
Høyringsfristen er sett til 1. november 2024.