Vi ynskjer å lage ei samling der ein får brynt seg litt, sett samanhengar og dratt parallellar, samstundes som ein kan gå heim att til eigen gard og gjere eigen gard rusta i eit beredskapsperspektiv og sjå nytta og verdien i val ein gjer, både med tanke på framtidig miljø- og klimautfordringar og kan nyttegjere seg av eigne resursar på best mogeleg måte for seg sjølv, lommeboka og miljøet.

Tema for samlinga vil vere bruk av utmark og godt bruk av beite. Undertema vert beiterett, gjerdeplikt og rovdyrproblematikk. Herunder kjem òg stølsdrift. Anna problemstilling kan vere ferdsel i utmarka, då gjerne med hund.

Program:

Fredag 

frå kl 12.00  Innsjekking og lunsj

Kl 14.00: Opning av Hanne

Kl 14.10: Utmarksbeite – ressursgrunnlag og beitebruk - Yngve Rekdal – ‘beitegranskaren’ - seniorrådgjevar Nibio 
               Spørsmål/innspel frå salen

Kl 15.10: Utmarksbeite – rettar og plikter, konflikter
               Jordskifteretten i Sogn og Fjordane 
               Spørsmål/innspel frå salen

Kl 16.10: ca 10 min. pause                      

Kl 16.20: Gjerdeplikt og konflikter, løysning
                   - NBS og framtidsplanar - Thor Håkon Føreland – Advokat - NBS
                Spørsmål/innspel frå salen

Kl 17.30: Grovfôrdyrking og klima - Nibio v/Åsmund Kvifte
               Spørsmål/innspel frå salen

Kl 18.30: Møteslutt

Kl. 19.30: Felles middag – sosialt samver

 

Laurdag

Kl 9.00: Snyltedyr - Atle Domke – Førsteamanuensis/veterinær
              Spørsmål/innspel frå salen

Kl 10.00: Økonomi og grasproduksjon - Arve Arstein - NLR
               Spørsmål/innspel frå salen

Kl 10.50: Pause

Kl 11.05: Bonden sin økonomi Erling Normann Berge – eksbonde, pensjonist og oppfinnar
              Spørsmål/innspel frå salen 

Kl 12.00-12.30: Pause med mat (lunsj)

Kl 12.30: Stølsdrift – Mølmesdal fellesstøl – Vegard Hellem
                Spørsmål/innspel frå salen

Kl 13.15: Framtidas geit og geita som ressurs – Andreas W. Wiese – geitebonde og ordførar i Luster kommune
               Spørsmål/innspel frå salen  

Kl 14.00-14.15: Pause   

Kl 14.15: Ut på tur!
               Til Veitastrond Gardsysteri og gardsbesøk på Veitastrond 

Kl 19.30: Felles middag og sosialt samver 

 

Sundag

Frå Kl 7.30: Frukost

Kl 9.30: Brattlendt landbruk – Ole Løkra
              Spørsmål/innspel frå salen 

Kl 10.30: Noverande og framtidig tradisjonelt landbruk i eit utdanningsperspektiv
               og Bonden og elva - Ronny Nymark Johannessen, lærar i naturbruk ved Førde VGS og også prosjektleiar for «Bonden og elva"
               Spørsmål/innspel frå salen

Kl 11.30: Pause og utsjekk

Kl 11.50: Frå jord der du bur – Datsja – Barbro og Anders Nordrum
               Spørsmål/innspel frå salen 

kl 13.00: Lunsj og avslutning

Kan bli endringar i programmet.
 

Prisar som må betalast av kvar einskild
Eikum Hotell sine prisar er:
     pr. person i dobbeltrom er kr. 3.550,-  inkl heilpensjon
     tillegg for enkeltrom er kr. 900,- 
For dei som ikkje bur:
    Middag fredag og laurdag kr. 595,- pr. dag (førebels pris)
    Lunsj laurdag og søndag kr. 350,- pr. dag (førebels pris)

 

Vi veit korleis politikken i dag er. Og ein kan vel konkludere med at alle andre tenkjer kun på seg sjølv, det er berre eg som tenker på meg sjølv. 
Vi treng meir kunnskap. Her kan få del i kunnskap og erfaring frå juristar, lærarar, veterinær, rådgjevarar og bønder. 

Vi håpar du ser deg snitt til å kome, vere med å utfordre innleiarane, lære og spreie meir kunnskap og erfaringar. 

Ser fram til å sjå dykk i Hafslo!

Bindande påmelding innan 1. oktober