800GJELD er det same som 800 45 353, det vil seia at tastaturbokstavane G - J - E - L - D samsvarar med tala 45353 på telefonen.

Det er viktig å ta tak i økonomiske problem så raskt som mogleg, før dei blir for store. Økonomirådstelefonen kan hjelpe deg å finne ei løysing. Rådgjevarane driv ikkje sakshandsaming, men gjev deg enkle råd om kva du sjølv kan gjera for å løyse situasjonen. Dersom du har økonomiske problem av meir kompleks art og treng meir hjelp, losar rådgjevarane deg til rett instans.

Det er gratis å ringje oss frå fasttelefon. Ringer du frå mobiltelefon kan vi ringje deg tilbake dersom du ynskjer det. Du treng ikkje seia kven du er for å få snakke med oss. Du kan også sende oss e-post - 800gjeld@nav.no

Dette er noko av det vi kan gjera for deg:

  • Hjelpe deg med å få oversyn over den økonomiske situasjonen din
  • Svare på konkrete spørsmål og gje generelle råd om gjeldsproblem for eksempel om inkasso, tvangssal av bustad, lønstrekk, rettsleg og utanrettsleg gjeldsordning.
  • Gje deg råd og rettleiing om korleis du kan førebu deg til eit møte med NAV-kontoret, namsmannen eller andre instansar.
  • Vise deg til rett instans dersom du treng bistand utover det du kan få av oss.
  • Vi har også diverse informasjonsmateriell vi kan sende deg.

Dette er noko av det vi ikkje kan hjelpe deg med:

  • Gje rettshjelp i saker for domstolane
  • Gå inn i gjeldsforhandlingar på dine vegne eller ta kontakt med kreditorane dine.
  • Ta kontakt med offentlege instansar på dine vegne

800GJELD er eit supplement til gjeldsrådgjevinga kommunane står for. Dette er eit lågterskeltilbod og gjev hjelp til sjølvhjelp for brukarar med økonomiske problem eller som står i fare for å få økonomiske problem.