Bakgrunnen er den korte avstanden mellom dei to barnehagebygga etter at ny «Gamlestova» barnehage er på plass, og det organisatoriske og pedagogiske potensialet i eit samlokalisert og samorganisert oppvekstområde i sentrum av Hafslo.

Eit såpass stort spørsmål som eventuell samanslåing av barnehagane i Hafslo krins, krev ein høyringsrunde der involverte partar har høve til å uttala seg. Etter høyringsrunden i veke 41–46 vil rådmannen førebu ei sak for politisk handsaming i formannskapet (11. desember) og deretter i kommunestyret (19. desember). 

Spørsmål i høyringa
Rådmannen oppmodar særleg tilsette sine organisasjonar og FAU/SU til å uttala seg. I høyringsuttalen ønskjer rådmannen innspel på følgjande tre punkt: 

  • Kva bør den framtidige organiseringa av barnehagane i Hafslo krins vere? Bør det vere to barnehageeiningar som i dag eller bør barnehagane slåast saman til ei barnehageeining?
  • a) Kva bør vere namnet på ein eventuell samanslått barnehage?
    b) Dersom det framleis vert to barnehagar som i dag; kva skal nye «Gamlestova» heite?

  • Open post: Andre innspel om samarbeidet og barnehagetilbodet i Hafslo barnehagekrins

Les meir og gje innspel

 Høyringsfristen er sett til 15. november 2024. 

Ungar og snømann
Ungar og snømann