De finn meir informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Der finn de også informasjon om korleis de kan bli varsla om søknadsfristen via tilskudd.no.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret og har frivillig innsats som ein viktig del av verksemda kan søke. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrerte i Frivilligregisteret før 2. september 2024. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Merk: Dersom organisasjonen er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande), så skal søknaden sendast via sentralleddet. Ver spesielt merksam på at sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn vår frist. Sjå den sentralleddet sine nettsider, eller ta kontakt med dei for meir informasjon.

Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.