Blir drive av: Eit samarbeid mellom Luster og Sogndal kommune.
Målgruppe: lågterskeltilbod for alle. Du treng ikkje henvisning, men kan ta kontakt med oss, eller du kan be behandler, lege eller rådgjevar ved NAV om å ta kontakt med oss.
Kva; Frisklivssentralen Sogn er ei interkommunal helsefremjande og førebyggande helseteneste for Luster og Sogndal kommune. Helserådgjevar ved Frisklivssentralen Sogn gir strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging basert på individuell rettleiing og gruppebaserte tilbod. Dette kan vera innanfor tema som kosthald, trening, søvn osv, alt etter behovet.Frisklivssentralen har aktivitetar som er opne for alle som gåturar eller trening i basseng.
Kontortider Luster: Tysdagar og fredagar 08.30-15.00
Kontaktinfo: Tlf. 958 93 641, Synne Aafedt Liljedahl (Luster og Sogndal)