Det overordna målet for folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse samt å redusere sosiale ulikskap i helse. Folkehelsearbeid er tiltak som direkte eller indirekte fremjar befolkninga si helse. Det kan handle om oppvekst- og levekårsforhold som bustad, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljø, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og anna rusmiddelbruk.

I kommuneplanen sin samfunnsdel 2022 - 2024 er det utarbeida fleire mål og strategiar for å møte kommunen sine utfordringar innan folkehelse.

Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å oppretthalde, betre og fremje befolkninga si helse gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrke faktorar som bidreg til betre helse. Hensynet til befolkninga si helse skal ivaretakast i kommunen sin planlegging. Dette ifl. både av Folkehelselova  og av Plan- og Bygningslova § 3-1

Folkehelse er tverrsektorielt arbeid og gjeld alle deler av den kommunale organiseringa. Folkehelsearbeidet tek utgangspunkt i at samfunnet har ansvar for befolkninga si helse ved å leggje grunnlaget for gode levekår og levevanar.

 

Her kan du sjå folkehelsetiltak i Luster 

 

Folkehelseoversikt Luster kommune

Gjennom Folkehelselova er kommunen pålagt å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga. Dette for å sikre ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse, samt utjamne sosiale ulikskap i helse.

Folkehelseoversikta skal gi eit bilde av dagens helsetilstand blant innbyggjarane i Luster kommune, og kva som påverkar helsa vår positivt og negativ. I dokumentet blir dei viktigaste folkehelseutfordringane i Luster presentert.

Folkehelseoversikt 2024-2028, Luster kommune

Folkehelseoversikt 2020 - 2023, Luster kommune

 

Systematisk folkehelsearbeid

Folkehelselova (2012)  flytta ansvaret for folkehelsa frå kommunehelsetenesta til kommunen som heilheit. Det vil sei at alle sektorar i kommunen har ansvar for folkehelsa og skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og utjamnar sosial ulikskap i helse . Folkehelsearbeidet skal fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding.

Folkehelselova legg opp til ei systematisk arbeidsform for kommunane:

1. Folkehelseoversikt

Kommunen skal både ha løpande oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar, og kvart 4. år ha utarbeide eit samla oversiktsdokument som del av kunnskapsgrunnlaget for å arbeide med planstrategien. I det samla 4-års dokumentet skal kommunen identifisere kva som er dei viktigaste folkehelseutfordringane.

2. Planstyrt folkehelsearbeid

Folkehelseoversikta skal vere kunnskapsgrunnlag for arbeidet med planstrategien, videre skal kommunen i sitt arbeid med kommuneplanar fastsette overordna mål og strategiar for folkehelsearbeidet som er egna til å møte dei folkehelseutfordringane kommunane har. Strategiar som skal bidra til å møte folkehelseutfordringane blir primært fulgt opp i økonomiplan, verksemdplanar og andre aktuelle planar.

3. Iverksetting av tiltak

Kommunen skal iverksette nødvendige tiltak for å møte dei folkehelseutfordringar som er identifisert i det samla 4-års dokumentet. Luster kommune jobbar for at tiltak for å møte kommunen  sine folkehelseutfordringar blir operasjonalisert gjennom anna plan- og styringssystem.

4. Evaluering

Kommunen skal gjennom evaluering sikre framdrift, utvikling og kontinuerleg forbetring av folkehelsearbeidet. Evaluering inneberer vurdering av om folkehelsearbeidet blir gjennomført i tråd med folkehelselova, og om folkehelsa i kommunen blir betre med utgangspunkt i dei folkehelseutfordringane som er identifisert i folkehelseoversikta.

 

Figur systematisk folkehelsearbeid

Illustrasjon av det systematiske folkehelsearbeidet. Kjelde: Helsedirektoratet.no

 

Figur påvirkningsfaktorar for folkehelse

Dahlgren og Whiteheads figur som viser påvirkningsfaktorar for folkehelse