Luster kommune innførte frå januar 2024 ei ordning med periodekort for ferjesambandet Solvorn – Ornes, og ein fekk ei slik ordning, med følgjande tilbod og vilkår:
Billettype | Pris 2024 | Billettype | Pris 2024 | |
Personbillett, barn | kr 22,- | Bil 8,01-10.00 m | kr 470,- | |
Personbillett, vaksen | kr 45,- | Bil 10,01 – 12,00 m | kr 565,- | |
Bil opp til 6,00 m | kr 127,- | Bil 12,01 – 14,00 m | kr 659,- | |
Bil 6,01-7,00 m | kr 309,- | Bil 14,01 – 17,00 m | kr 789,- | |
Bil 7,01-8,00 m | kr 362,- | MC/moped | kr 81,- |
Luster kommune tilbyr følgjande rabattordningar på sambandet:
Periodekort, barn | kr 200,- |
Periodekort, vaksen | kr 403,- |
Periodekort, familie | kr 1000,- |
Periodekort bil opp til 6,00 m | kr 1080,- |
Periodekort MC/moped | kr 702,- |
Periodekort barn/vaksen:
Kortet skal vere personleg, og kan kun nyttast av den som er eigar av krotet.
Kortet gjeld for ein kalendermånad.
Kortet kan kjøpast og fornyast på ferjesambandet.
Tapt kort vert ikkje erstatta.
Periodekort familiekort:
Kortet skal vere knytt til ein familie, og dekkar reise for inntil to vaksne og tre barn opp til 16 år.
Kortet gjeld for ein kalendermånad.
Kortet kan kjøpast og fornyast på ferjesambandet.
Tapt kort vert ikkje erstatta.
Periodekort MC/moped og personbil inntil 6m:
Kortet kan påførast inntil to bilnummer.
Kortet kan kun nyttast til ein bil pr. ferjereise.
Kortet gjeld for ein kalendermånad.
Kortet kan kjøpast og fornyast på ferjesambandet.
Tapt kort vert ikkje erstatta.
Eigar av periodekort kan nytte kortet på reise utan køyretøy.
Luster kommune skal revidere billettprisar frå januar 2025, og det er planlagt å auke billettprisar ein del på einskildreiser, sidan periodekortet gjev eit rimelegare tilbod til dei som er hyppige brukarar av sambandet. Då er auka billettinntekter for dei som reiser sjeldan eit bidrag for å redusere netto kostnadsvekst for kommunen.
Som del av innføringa av periodekort var det sagt at kommunen skulle evaluere ordninga hausten 2024. Med bakgrunn i dette inviterer vi til innspel frå brukarar av ferjesambandet. Vi ønskjer gjerne svar på følgjande:
Korleis har ordninga med periodekort fungert?
Har du innspel til endringar for ordninga?
Ber om at innspel vert sendt innan 18. november 2024 på e-post post@luster.kommune.no eller bruk denne lenka