Habiliteringskonferansen 2011 i regi av Vaksenhabiliteringa hadde ”den vanskelege diagnosen” som tema. Konferansen samla deltakarar frå heile fylket.
![Gjennomføringsplanen for prosjektet vert presentert Gjennomføringsplanen for prosjektet vert presentert](https://img6.custompublish.com/getfile.php/1787223.1686.yqwvdpuwvu/Gjennomf%C3%B8ringsplanen+for+prosjektet+vert+presentert_550x413.jpg)
Gjennomføringsplanen for prosjektet vert presentert
Torsdag 27. oktober deltok John Havellen, Ken Jarle Johansen og Odd Atle Stegegjerdet frå ATS Luster saman med Roland Schwarz med eit innslag om EU-prosjektet ”Auch wir arbeiten in Europa” – ”Også vi arbeider i Europa”.
Prosjektet har som føremål å kartleggja vilkåra for arbeid for yrkeshemma i dei fire deltakarlanda, og om mogeleg bidra til ei utvikling på feltet.
Prosjektet er nærare presentert på ATS Luster sine sider på nettet.
![Frå venstre Ken Jarle Johansen, Roland Schwarz og John Havellen på scena under konferansen i Loen. Frå venstre Ken Jarle Johansen, Roland Schwarz og John Havellen på scena under konferansen i Loen.](https://img6.custompublish.com/getfile.php/1787222.1686.bqxsvryppd/Fr%C3%A5+venstre+Ken+Jarle+Johansen%2C+Roland+Schwarz+og+John+Havellen+p%C3%A5+scena+under+konferansen+i+Loen._550x413.jpg)
Frå venstre Ken Jarle Johansen, Roland Schwarz og John Havellen på scena under konferansen i Loen.