Sentrale myndigheiter tilrår alle kommunar å etablere ein politisk frivilligheitserklæring.
Ei frivilligheitserklæring skal representere Luster kommune sin frivilligheitspolitikk og innehalde grunnleggande prinsipp og overordna målsetting for kommunen sitt samspel med frivillig sektor.
Målet med erklæringa er å gje eit fundament for eit forutsigbart og konstruktivt samspel mellom partane.
Som del av arbeidet med Frivilligheitserklæring inviterte kommunen til kveldskonferanse hausten 2022 for å få innspel frå frå organisasjonane. Det vart gjennomført kafedialog der organisasjonane kom med innspel som beskriv eigne utfordringar og ressursar samt kommunen sin rolle som tilretteleggjar i samarbeid og kontakt med frivilligheita
Underskriven avtale mellom Luster kommune og Frivillighet Norge
Kartlegging av frivillige organisasjonar i Luster kommune
Lag og organisasjonar blei invitert til å bli med på ei digital kartleggingsundersøking.
Alle som svara var med i trekking av premie på kr 1000 kr og kommunen delte ut 3 premiar
Vinnarane er: