• BPA skal gje eit fleksibelt tilbod ved å samordne oppgåver som elles ligg under heimetenesta, støttekontakt, avlastning og omsorgsløn.
  • BPA er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp til personar med funksjonshemming som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Til dømes: hushaldningsoppgåver, direkte personleg hjelp med påkledning, hygiene, mat m.v.
  • Tenesta skal væra ein del av dei samla kommunale tenestene og knytast til personen, ikkje til bustaden. Luster kommune eller søkjar kan stå som arbeidsgjevar.

Her er skjemaet som du brukar for å søke om personleg assistent (BPA)

Målgruppe

Tenesta er eigna for:

  1. Brukarar med samansette og omfattande tenestebehov
  2. Brukarar som er i stand til å ta arbeidsleiarrolla
  3. Brukarar som har eigeninnsikt og som har ressursar til eit aktivt liv i og utanfor bustaden.

    Brukaren må kunne definere sine eigne behov, lære opp og rettleie assistenten i korleis hjelpa bør gjevast, setje opp og følgje opp arbeidsplanar og ivareta andre forhold direkte knytta til tenesteytaren. 
     

Vilkår

  • Brukaren har rolla som arbeidsleiar og har ansvar for organisering, rettleiing og innhald i forhold til sine behov, innanfor dei timerammene som kommunen sitt vedtak om praktisk hjelp gjev.
  • Brukaren skal styra kven han/ho vil ha som assistent, kva assistenten skal gjera, kvar og når hjelpa skal gjevast. Brukarstyringa vil væra eit middel til å bidra til betre resussutnytting, fleksibilitet og kvalitetssikring. Målet er å bidra til at brukaren får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonshemming.

Pris

Tenesta er gratis

Handsaming

Søknadsskjemaet skal sendast til Luster kommune, tenestekontoret v/Gaupne omsorgssenter, 6868 Gaupne.

Einingsleiar har vedtaksmynde og sender skriftleg svar til søkar.  

Tenesta vert tildelt som eit enkeltvedtak.
Vedtaket er tidsavgrensa og om vedtaket skal fornyast må ein søkje om det. 

Handsamingstid

1 - 4 veker

Søknadsfrist

Ingen

Klage

Vedtaket kan klagast på. Opplysningar om klagerett går fram av vedtaket.