Prøvingsattest
Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er 4-5 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.
- Sjå Skatteetaten: Ekteskap
Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten er gyldig i fire månader. De skal sende prøvingsattesten i sikker sending til kommunen.
Tid og stad for vigsel
Vi tilbyr vigslar alle yrkedagar i opningstida på rådhuset, kommunestyresalen. Brudepar som ynskjer vigsle på andre tidspunkt eller andre stader i kommunen, må gjere avtale om det med vigslar og betale for meirkostnader. Ta kontakt på telefon 57 68 55 00 eller fyll ut skjema for bestilling av vigsel.
Vitne
Brudepar må ha med to vitne til seremonien. Alternativt kan kommunen ha vitne. Då må de melde frå om at de ynskjer kommunale vitne.
Pris
Vigsla er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i, eller du er busett i utlandet.
Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.
Tilbodet om borgarleg vigsle gjeld òg for brudepar som ikkje er heimehøyrande i Luster kommune. Dei må betale nødvendige kostnader for vigsla. For 2024 er pris fastsett til kr. 1300,-.
Korleis blir seremonien?
I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette.
Brudepar og vitne må ha med legitimasjon og syne fram for vigslar.
Vigselsattest
Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får elektronisk stadfesting frå Skatteetaten i Altinn.
Om de ynskjer vigselsattest på papir, kan de bestille det frå Skattetaten.