Dei viktigaste tiltaka som det vil kunne kome råd om er:
- Hald deg inne
- Ta jodtablettar
- Dusje dersom du er utsett for ureining
- Følgje kosthaldsråd
- Respektere myndigheitene sine avgjerder om sperring, reinsing eller evakuering
Meir informasjon om atomberedskap finn du på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) sine nettsider.
Liten fare i Noreg
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) skriv at risikoen for at det skal bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg er liten.
Uavhengig av situasjonen tilrår DSA og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) alle under 40 år å ha jodtablettar som del av eigenberedskapen i heimen.
Jodtablettar og eigenberedskap
Luster kommune har som del av den nasjonale beredskap lager av jodtablettar. Den prioriterte gruppa er alle under 18 år, ammande og gravide. Kommunen har eit system for å dele ut dette dersom myndigheitene gir råd om det.