Sogndal kommune har følgt programvareleverandøren (Visma) sine tilrådingar for å sjekke om det er bekymringsmeldingar sendt gjennom Nasjonal portal for bekymringsmelding, som ikkje har kome fram til Sogn barnevern. Konklusjonen etter denne gjennomgangen syner at Sogn barnevern ikkje har vore råka av programfeilen som kunne gjere til at meldingar ikkje kom fram. Med andre ord har alle bekymringsmeldingar i Sogndal og Luster kome fram til barnevernstenesta.
Bekymringsmeldingar til Sogn barnevern i Sogndal og Luster kjem fram
Kommunane vart måndag 5. juni gjort kjende med at det nasjonalt var avdekt systemfeil slik at meldingar til barnevernet ikkje blei registrerte i barnevernet sitt fagsystem.
Systemfeilen er knytt til eit fagsystem som ikkje lenger vert nytta av Sogn barnevern. Sogndal og Luster har felles barnevern der Sogndal kommune er vertskommune.