I statuttane for tildelinga står det mellom anna: 
«Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking.
Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar»

I år går prisen til eit godt etablert føretak, som mange lustringar besøkjer regelmessig. Verksemda passerte 25 års drift i Gaupne for vel eit halvår sidan og markerte dette jubileet. Ved etableringa tok dei med seg lang erfaring og bedriftsnamn frå Oslo. 

I tillegg til drifta i Gaupne, bidreg dei også til at bebuarar på omsorgs- og eldresentra i kommunen kan få godt stell frå topp til tå, utan å reise frå staden. Årets bedrift i 2024 er Salong Perry Fra Topp til Tå AS. 

Kvifor har så Salong Perry fått denne utmerkinga:

Før dei etablerte seg i Gaupne jobba Tor hjå kjeda Perry Frisør på austlandet, der Perry var eit kjent og velrenommert namn i bransjen. At Tor og Oddny fekk ta med seg namnet i etableringa i Luster var ein gest som vart opplevd som stort for Tor. Sjølv om dei heile vegen har vore ei sjølvstendig bedrift, så har samarbeidet med Perry Frisør sikra at lærlingar frå Gaupne har fått moglegheit til utplassering hjå kjeda i Oslo. 

Dei tilbyr i følgje sine heimesider frisør, fotterapi, hudpleie, massasje, voksing, vippeløft, negledesign, napping og farge av vipper og bryn, brynslaminering, vippeextension, brudeoppsett, make up og hol i øyrene. 

Særleg kan vi kanskje løfte fram viktigheita av å ha kompetanse innan fotterapi og hudpleie, og det gode samarbeidet med kommunen som sikrar fotterapi til bebuarane rundt om i kommunen. Fotterapi er eit viktig helsetilbod. På Salong Perry føler dei seg godt tatt imot hjå kundane, og kanskje særleg med fotterapi. Oddny fortel om ei venteliste på 3 månadar for å sleppe til hjå henne, med tilreisande kundar frå Sogndal, Årdal, Aurland og jamvel Voss. 

Dei er opptekne at sjølv om alle kan klare seg sjølv åleine, så vert det best om fleire dreg lasset saman. Difor tykkjer dei det er stas når dei får tilbakemeldingar om at butikkar på Pyramiden har merka at no har det vore ein bil med årdøler på fotterapi på Perryen som vil innom der og handle og ete før de reiser heim. 

I Sogn Avis-artikkel om 25-årsjubileet fortalde ein trufast kunde, som også hadde erfaring som pårørande at «Då mamma vart sjuk så var ho redd det ikkje vart fleire frisørbesøk. Men då kom dei herifrå, og stelte ho både på hår og føter inne på Luster omsorgssenter. Det var veldig viktig for ho. Så salongen betydde mykje for mamma.».

Vi treng verksemder som utviklar seg og som sysselset tilsette. Særleg viktig er det at verksemder tek del i samfunnsansvaret som ligg i å vere lærebedrifter, og fem frisørar har gått læretida si hjå Salong Perry. Som i mange andre bransjar er det knappheit på folk, og det gjeld også i frisørbransjen. På nokre år har det gått frå 1300 til vel 600 frisørlærlingar i landet. Difor vektlegg Oddny og Tor at ein må halde på, og stelle godt med sine medarbeidarar. Salong Perry har synt seg å vere ein god arbeidsgjevar, der Tor og Oddny i den før nemnde Sogn Avis-artikkelen vert titulert som verdas beste sjefar. 

I 2017 overtok Oddny roret som dagleg leiar, og i 2020 pensjonerte Tor seg. Likevel er det nok mange som framleis tenker på Tor når dei snakkar om Salong Perry. Sjølv som pensjonist er Tor oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og stikk gjerne innom salongen på fredagar med bollar eller kake før helga, passar på at bursdagar ikkje går forbi utan merksemd, eller at det er eit påskeegg til kvar.

Samstundes framhevar dei viktigheita av dyktige og sjølvstendige medarbeidarar som tek felles ansvar for drifta av salongen. Oddny seier at salongen går nesten av seg sjølv. Dei fleste kan gjere det meste, og dei tilsette held styr på alt. 

Når vi ser på lista over mottakarar av årets bedrift gjennom tidene, så er det ikkje så mange av denne typen servicebedrifter som Salong Perry representerer, men faktum er at de, saman med mange kollegaer i ulike bransjar, er med på å gjere det godt å bu i Luster. Anten det er den regelmessige stussen av frisyren, eit viktig fotterapibesøk eller ein time til negledesign for å pynte opp kvardagen litt. 

Vi set pris på arbeidet de har gjort i Luster dei siste 25 åra, og vi ser fram til fortsetjinga. 
Gratulerer så mykje med årets bedrift 2024!