Datamaskin og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester. Teknologien utviklar seg raskt, men finn du fram?
Luster kommune er med i eit nasjonalt prosjekt i regi av Kommunal og moderniseringsdepartement og KS der målet er å etablere lågterskeltilbod innan datahjelp tilpassa lokale forhold. Som del av dette er kommunen i gang med å etablere samarbeid med bygdelaga i kommunen og frivillige datahjelparar.

Har du telefon, nettbrett eller PC og har lyst til å lære meir?
Døme på aktivitetar; lese avis på nett, pasientreiser, laste ned NRK TV, kjøp og sal, grunnleggande kurs, søke etter sydentur og mykje meir!

Tilbod som etterkvart blir etablert legg me her:
 

Tilbod ute i bygdene

Indre Hafslo bygde- og ungdomslag
Hafslo bygdelag
Skjolden bygdelag
Luster bygdelag
Jostedal bygdelag
Gaupne, frivillige

Bilete

Drop-in tilbod

Luster bibliotek
Luster rådhus

1 til 1 opplæring

Luster rådhus

Elevar på Luster ungdomsskule er datahjelparar for flyktningar

Luster vaksenopplæring

Bilete