6. kl
Fiskemerking ved klekkeriet i Fortun
Fredag 5.september fekk me vera med Henning Urke og John Birger Ulvund på fiskemerking i Fortun. Etterpå tok Jan Idar Øygard oss med på omvising i klekkeriet.
Tur til jettegrytene i Fortun
Svein hadde laga til ein flott tur for oss til Fortun, og han fortalde både om ei dronning og prinsesse, nipe, jette- og jettegryte, filminnspeling, hammar, hengedal og trollfantar - og mykje meir!
Endeleg er det dei nye 6.klassingane sin tur til å ha mat og helse
1.time med mat og helse
Fyrste time på skulekjøkkenet går ofte med til å bli litt kjent i skuffer og skap. Dette året var ikkje noko unntak! Men det vart også matlaging.
Mykje som skal koma i rutine att...
Skulestart
Nå har me gått på skulen i to veker allereie, og det er mykje me skal hugse på, og som skal koma i gjenge att etter ein lang og god sommarferie.
Snø - våt og perfekt byggesnø!
I dag var det stor aktivitet i akebakkane og elles, for i går og i natt kom det endeleg mykje snø!
Men det spørs kor lenge han blir verande i plussgrader og regn.....
KARNEVAL
I kveld 18-21 arrangerer elevbedrifta i 5.-7. klasse karneval på skulen.
Dei sel pølse og brød og gode kaker.
Velkomne til alle, store og små!
Knall på loppemarked!
Torsdag 13.februar, like før kl 17....
- 10, 9, 8, 7, 6, 5, 4, 3, 2, 1!!! Loppemarkedet er opna!!
Kulturøkt og loppemarked
Fredag 14. mellom klokka 11.15 og 13.00 er det kulturøkt på oppvekstsenteret med program og sal av forfriskningar.
Alle er velkomne til å sjå og høyra litt om kva vi har jobba med denne perioden.
I dag er det hektisk aktivitet for å få alt ferdig til kulturøkta og vinterferien, både arbeid og sceneopptredenar.
Storskulen har det ekstra travelt, for elevbedrifta deira skal ha loppemarked i kveld, og det er mange flotte lopper å sjå. Løp og kjøp på skulen i kveld 17-20!
Arbeidsgjengen er klar!
I byrjinga av juni skal denne flotte gjengen på klassetur til Bergen. Der skal me besøke Vilvite-senteret og elles besøke andre attraksjonar Bergen har å by på.
Fagdag om folkehelse
Temaet for perioden mellom nyttår og vinterferien har vi kalla Folkehelse. I dag fekk oppvekstsenteret besøk av tannpleiar, Røde Kors, helsesøster og kommunen sin folkehelsekoordinator som fortalde om ulike sider ved temaet. Dette har vore ein lærerik og spennande dag!