Fiskemerking ved klekkeriet i Fortun
Fredag 5.september fekk me vera med Henning Urke og John Birger Ulvund på fiskemerking i Fortun. Etterpå tok Jan Idar Øygard oss med på omvising i klekkeriet.
Prosjektet med fiskemerkinga av sjøaure er for å sjå kva utfordringar fisken har i elva. Kraftutbygging med mindre vatn i elvene og fiskelus er noko av det fisken må kjempa seg gjennom for å overleva.
Den akustiske sendaren seier noko om kor fisken oppheld seg, kvar han vandrar og stoppar, kor høgt eller lavt i vatnet han held seg og kva temperatur han beveger seg i.
Skjelprøva og genprøva fortel m.a. kor gammal fisken er og kven han er i slekt med. Kanskje har dei fire fiskane me såg blei merkte, eit søskenbarn i Lærdal eller Aurland?
Det var iallefall spennande å sjå på prosessen frå fisken varte teke opp frå tanken, ned i karet for å få narkose, på operasjonsbordet for å få sett inn den akustiske sendaren som gir all den informasjonen han skal, inn i buken, til oppvåkningskaret og til slutt til postoperativen for å kome til seg att. Heile prosessen tok ikkje meir enn 5-10 min, og etter ei stund kan dei setjast ut i elva att. Det skal bli spennande å følgja desse fiskane framover. Me skal gje dei namn, og me får seie litt om dei når me har noko å fortelja.
Etter merkinga fekk me ein runde inn i klekkeriet der Jan Idar Øygard fortalde og viste oss alle fiskane. Nokre skulle setjast ut på Sognefjellet allereie same dag me var der.
No håpar me fiskane får eit godt liv i elva og i fjellvatnet - lukke til!
Tusen takk til Henning, John Birger og Jan Idar for at me fekk vera med på denne spennande aktiviteten i lag med dykk!