6. kl
I dag hadde me besøk av Torill frå biblioteket.
Her kjem ei lenkje du kan bruke for å logge deg inn på min side på Luster bibliotek
Torill lærte oss mykje nyttig som me kan bruke "min side" til på biblioteket. Her er adressa de brukar for å komme inn på sida:
https://luster-fb.mikromarc.no/mikromarc3/search.aspx?ST=Normal&Unit=6465&db=luster-fb
Fadderlesing er i gang
Innkøyringsperioden er over, og me er i gang med den tradisjonelle fadderordninga der storskulen les for 5 åringane i barnehagen og 1. og 2.klassingane.
Endeleg!
Endeleg haustferie? Nei, det var ikkje det, i alle fall ikkje berre det - men endeleg ein dag me hugsa å ta bilete når alle elevane i storskulen var på plass!
Fyrste leksjon i mat og helse
Frukostblanding med bær og smoothie
Etter fyrste time på kjøkkenet der elevane gjorde seg kjende i skuffer og skap, fekk dei i veke 35 lage sitt fyrste måltid. På menyen sto det frukostblanding med smoothie. Frukostblandinga vart laga i to variantar då det i oppskrifta sto det skulle vere nøtter i. Ikkje alle toler nøtter, og då er det heilt ok å utelate det. Dette er også eit av måla i mat og helse, at elevane kan tilpasse oppskriftene slik at alle kan ete, og også litt etter smak og behag. Smoothien vart også laga i to smaksvariantar, ein med jordbær og ein med bringebær. Nam nam - fornøgde 6.klassingar med sitt fyrste mat og helse måltid!
På miljødagen fann me denne nøkkelen på parkeringsplassen ved vegaskjelet.
Kven eig denne?
Parkeringsplassen ved vegaskjelet blir brukt for dei som går tur til Rebni og Rebnisli. Kan du ha mista nøkkelen din, eller kjenner du nokon som saknar ein nøkkel, så gje tips vidare om at den kan hentast på Skjolden oppvekstsenter.
Mykje god matlaging for 6.klassingane
Alt tel- perioden er over, og 6.klasse har laga mykje god mat. Både fisk og kjøt, tradisjonell norsk mat og mat frå andre land har stått på menyen.
Et fisk og bli frisk!
I den fyrste mat og helse-timen på nyåret laga 6.klassingane lakseomelett, og rydda i på gruppeplassane sine.