A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Endeleg er det dei nye 6.klassingane sin tur til å ha mat og helse

1.time med mat og helse

Fyrste time på skulekjøkkenet går ofte med til å bli litt kjent i skuffer og skap. Dette året var ikkje noko unntak! Men det vart også matlaging.

Serveringsklart
Serveringsklart
20140821_095746
20140821_095756
Nam!
Nam!

Timen starta med ei kort teoriøkt, der me sette ekstra fokus på kor viktig det er med handvask. Bakteriane er overalt, og det er veldig viktig å vaske hendene før me byrjar å jobbe med mat. Me les oppskrifta i lag, og demonstrerte enkle kutteteknikkar.

Etter me hadde sett litt i skuffer og skap og funne fram det utstyret me trengde til oppskrifta, var me klare til å setja i gang. Frukostblanding og smoothie vart trylla fram, og det smakte fortreffeleg med gode bringebær frå lokal produsent.

Tida går veldig fort når ein er på kjøkkenet, men ingen sure miner sjølv om litt av friminuttet gjekk til opprydding og oppvask!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS