A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veitastrond

plakat

Velkommen tilbake til 1.-7. klasse

27. april opnar grunnskulen att for 1.-4. kl. På Veitastrond ynskjer me alle elevane, 1. - 7. kl., velkommen tilbake. Me gler oss til å ta imot dei!

Det vert litt annleis enn den vanlege skulekvardagen. Saman klarar me fint å følgje dei nasjonale retningslinjene og framleis tenkje dugnadsånd.

 

2020-04-27

Oppdatert info om tilbod ved skulen

Tilsette i barnehagar og tilsette på 1. – 4. trinn i skulen er frå 13. april 2020 rekna som viktig personell i handteringa av koronakrisen. Personell i desse verksemdene kan få tilbod om barnehage- og skuleplass.


Føringar for å få tilbod jf. regjeringen.no 13. april
Av omsyn til smittevern er terskelen for å få slikt tilbod høgt. Det er to moglegheiter for å få eit tilbod:

  1. Føresette har kritisk samfunnsfunksjon
  2. Føresette har andre verksemdkritiske oppgåver (til dømes reparera teknisk utstyr på sjukehus)


 

For både punkt 1 og 2 gjeld desse vilkåra:

  •          det er nøkkelpersonell innafor dei samfunnskritiske funksjonane som er omfatta, og ikkje funksjonar som generelt kan vera viktige utan å vera samfunnskritiske
  •          det vert lagt til grunn ei restriktiv linje der det vert om oppfordra til deling av barnepass mellom føresette
  •          bruk av andre slektningar og andre til barnepass kan ved behov vurderast, men eldre og andre personar i risikogrupper bør ikkje brukast
  •          barna skal vera under 12 år og det er tilstrekkeleg at ein føresett arbeidar i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod. Der barnet ikkje bur saman med begge foreldra/føresette, men kor den eine føresette er i samfunnskritisk funksjon kan det også gjevast tilbod om plass 

 

Kritisk samfunnsfunksjon

  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apoteka
  • Tilsette i barnehage og tilsette i skule 1.-4. trinn
2020-04-15

Oppdatert informasjon -skulen opnar for 1.-4. kl og SFO frå 27. april

Barnehagane opnar att 20. april medan 1.-4. trinn og SFO opnar frå 27. april. Fram til barnehage og dei ulike aldersstega i skulen opnar att, vil det vera eit tilbod til barn med særlege omsorgsbehov og barn av føresette med kritiske samfunnsfunksjonar – på same måte som i perioden før påske. Kommunen vil følgja opp nasjonale råd og vedtak om smittevernstiltak. 

5.-10. trinn held fram med fjernundervisning inntil vidare. 

Føresette: Fint om de loggar inn i skole.visma.com/luster  og ser om det ligg oppdatert kontaktinformasjon på dykk. Fleire føresette manglar e-post og/eller mobilnummer. Ber dykk også om å laste ned appen Visma Min Skole til mobilen. 

https://www.visma.no/skoleadministrasjon/grunnskole/min-skole-foresatt/ 

 

 

2020-04-08

Skule og SFO er stengt til 13. april - kan bli forlenga

Viser til tidlegare informasjon om stenging av skule og SFO i samband med utbrotet av koronavirus. 

UDIR

Det er viktig med god kommunikasjon mellom skule og heim. No er e-post, Teams, Facebook og heimesida nytta som informasjonkanalar. I tillegg kan ein nå tilsette på telefon. Følg med på informasjon frå kvart klasseteam. 

2020-03-26

Betaling SFO

Regjeringa har meldt at føresette som ikkje får nytta barnehage og SFO då barnehagane og SFO er stengde grunna koronaviruset, vil verta fritekne for betaling. Foreldringebetalinga for april går som vanleg. Det som er betalt for mykje, vil verta avrekna og refundert. 

2020-03-23

Skule og SFO stengt frå fredag 13. mars

Bøker eller utstyr frå garderobane kan hentast på skulen mellom kl 09 og 14 fredag og måndag (ta kontakt med kontaktlærar dersom det er behov seinare i veka). For 7. -10. kl kan dei også låne med seg skule-PCen heim. Det ligg liste i klasserommet der ein kryssar av at ein har tatt med seg PCen. Reglar for skulen sitt utstyr gjeld! 

"Helsedirektoratet har i dag etter smittevernloven § 4-1 andre ledd vedtatt stenging av barnehager, barneskoler, ungdomsskoler, videregående skoler, universitet, høyskoler og andre utdanningsinstitusjoner." 

Ledere av barnehager og rektorer ved barneskoler må derfor sørge for et tilbud til barn av personell i helse- og omsorgstjenesten, transportsektoren eller innen andre kritiske samfunnsfunksjoner. Det samme gjelder for barn med særlige omsorgsbehov som ikke kan ivaretas når barnehage, skole eller andre dagtilbud er stengt.

# Dette er kritiske samfunnsfunksjoner:

Beredskapsutvalget anser at følgende 15 funksjoner er kritiske for samfunnet:

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

Meir informasjon om undervisningsopplegg, bøker og utstyr osv kjem etter kvart. 

udir.no 

 

 

2020-03-15
IMG_5336

Julefest 2019

Sundag 8. des. var det tradisjonell juletrefest i samfunnsbygget på Veitastrond. Nær 100 møtte til flott pynta sal og det var ei koseleg samling med flott program og god servering. Ungane i barnehagen og skulen sang og dramatiserte, og med innleigd musikar var det flott allsong av tradisjonelle julesongar. Gang rundt juletre og besøk av nissen høyrer òg med på ein julefest.

2019-12-11
Skjermbilde visma

Last ned appen Visma Min Skole

Visma har laga ein app for meldingar mellom skule og heim. Her kan ein sende meldingar til kontaktlærar og melde inn fråver.  For meir informasjon og lenkje til nedlasting:

https://www.visma.no/skoleadministrasjon/grunnskole/min-skole-foresatt/

 

 

 

2019-08-28
Powered by CustomPublish AS