A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Skule og SFO stengt frå fredag 13. mars

Bøker eller utstyr frå garderobane kan hentast på skulen mellom kl 09 og 14 fredag og måndag (ta kontakt med kontaktlærar dersom det er behov seinare i veka). For 7. -10. kl kan dei også låne med seg skule-PCen heim. Det ligg liste i klasserommet der ein kryssar av at ein har tatt med seg PCen. Reglar for skulen sitt utstyr gjeld! 

"Helsedirektoratet har i dag etter smittevernloven § 4-1 andre ledd vedtatt stenging av barnehager, barneskoler, ungdomsskoler, videregående skoler, universitet, høyskoler og andre utdanningsinstitusjoner." 

Ledere av barnehager og rektorer ved barneskoler må derfor sørge for et tilbud til barn av personell i helse- og omsorgstjenesten, transportsektoren eller innen andre kritiske samfunnsfunksjoner. Det samme gjelder for barn med særlige omsorgsbehov som ikke kan ivaretas når barnehage, skole eller andre dagtilbud er stengt.

# Dette er kritiske samfunnsfunksjoner:

Beredskapsutvalget anser at følgende 15 funksjoner er kritiske for samfunnet:

  • Styring og kriseledelse
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningstjeneste
  • IKT-sikkerhet i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningssikkerhet
  • Vann og avløp
  • Finansielle tjenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstjenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tjenester
  • Apotekene

Meir informasjon om undervisningsopplegg, bøker og utstyr osv kjem etter kvart. 

udir.no 

 

 

Informasjon til føresette om stengte barnehagar og skular i Luster  

Barnehagane og skulane i Luster er stengt frå og med fredag 13. mars til torsdag 26. mars i samsvar med regjeringa sitt vedtak etter lov om vern mot smittsame sjukdomar § 4-1 andre ledd om møteforbod og stenging av verksemd. Yttarlegare stenging kan verta aktuelt. Kommunen vil følgja opp nasjonale råd og vedtak.

Unnatak
Det er viktig å oppretthalde verksemda i helse- og omsorgstenesta og andre kritiske samfunnsfunksjonar og å unngå at personar i risikogrupper vert brukt til barnevakt.  Leiarar av barnehagar og rektorar ved barneskular må derfor syte for eit tilbod til barn av personell i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar. Det same gjeld for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengt.


Kommunen oppmodar om at føresette som treng eit tilbod melder barnehagestyrar og/eller rektor på barneskule snarast råd. Tilbodet til personell i kritiske samfunnsfunksjonar vil vera gyldig frå og med fredag 13. mars.

Lenke til kommunen si oppdaterte informasjonsside om koronaviruset:
https://www.luster.kommune.no/informasjonsside-om-koronaviruset.6293352-525011.html

 

Med helsing
Knut Åge Teigen
Kommunalsjef oppvekst Luster  

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS