Klassar
Fellessamling januar - oppstart av kampanjeveka VENSKAP
Torsdag 25. januar arrangerte me ei fin fellessamling ved skulen vår. Denne gongen var det 1. og 6. klasse som stod for underhaldninga. Dei imponerte stort med både sang, dans og presentasjon av naturfag/samfunnsfagprosjekt. 1. klasse hadde øvd inn fleire songar og viste oss eit utruleg flott kor. 6. klassingar som står framfor heile skulen med både dans og føredrag imponerer med kor trygge og flinke dei har blitt. I tillegg til alt dette, dansa 1. og 6. klasse saman til Norill sin musikk. Veke 5 er kampanjeveke med venskap som tema. Den siste tida har elevane i arbeidslivsfag frå 8. og 9. klasse snikra og måla nokre fantastisk flotte benkar til oss. Venskapsbenkane vart avduka denne dagen og plassert rundt i gongane på skulen. Tusen takk for ei så flott gåve! Me er veldig stolte av elevane (og dyktige lærarar).
Fellessamlinga i desember
Denne gongen var det 5. og 10. klasse som samarbeida om ei flott fellessamling. Dei hadde eit fint program med sang, dans og presentasjonar frå Polen-turen til 10. klasse. Rektor fekk gåve frå oss, sidan ho ikkje hadde fått bursdagspresangen sin før. Til slutt overraska alle dei vaksne på skulen med eit kor som sang den heilt nye PALS-songen vår.
VÅR PÅ SFO
På sfo har det no blitt skikkelig vårfølelse. Me nyter flotte dagar ute, og prioriterer fin og fri uteleik framfor styrt leik. Ungane koser seg, og dei er veldig flinke til å bruke fantasien sin til å finne på ulike måtar å leike på ute.
Me har dei siste vekene hatt litt forskjellig varmmat. Pølse i brød, blomkålsuppe, ostesmørbrød, fiskeburgar m.m. Dei fleste ungane er veldig flinke til å smake på mat som er ny for dei.